Prosjekt beskrivelse




Prosjektbeskrivelse:




Fotograf Ma Liadal Ortiz er kvinna bak serien 
”Tyll på Tind". Ma Ortiz (35) bur i Ørsta saman med 
sine tre born. Ho er opprinnelig Ørsting, men flytta 
ut fra bygda etter gymnas. I Oslo utdanna Ortiz seg 
til fotograf og jobba i eige foretak der. I 2008 
flytta Ortiz og borna heim til Ørsta.


”Då eg flytta heim til Ørsta etter mange år i Oslo, 
vart eg automatisk dratt mot dei vakre og majestetiske Sunnmørsalpane. For å finne fred og finne ro i sjela, 
vart fjell og høge toppar naturleg å søke til. ”


Ortiz oppdaga friheita ved å springe til fjells, 
og på bakgrunn av denne kjensla vart serien Tyll 
på Tind ein realitet. Ma feirar følelsen av 
å stå på toppen av Sunnmøre.






I Tyll på Tind, dansar Ortiz seg til topps i tyllkjolar 
og tek sjølvportrett. Ho har valgt ut ti krevjande 
tindar, og i ei periode på eitt år har ho stått 
på toppen av alle. Kvar tind har i Ma sine tankar 
sin eigen farge, og dette vert vist gjennom kjolar 
i tyll. Kjolane er i alle slags fargar, frå sølv, 
gul, oransje, raud, rosa, grøn, turkis, 
blå, lilla til svart.


«Prosjektet er ei reise i regnbogen sine fargar. 
Eg har valt fargar frå regnbogen, då den symboliserer 
håp. Eg utfordrar livet, der kvar tur gir meg ei 
ny oppleving og utfordring. Noko anna spennande med 
prosjektet er at det er mykje metaforbruk i konseptet 
mitt. Det er ein grunn til at eg står på fjella eg 
gjer i fargane eg har valt»







Tyll på Tind er så mykje meir enn hovudbilete på 
ti tindar. Ortiz har difor i tillegg laga ei bok 
som kan dra publikum med på reisa. Ho deler gjerne 
”behind the scenes” bilder, og tykkjer humor er 
særdeles viktig. Det har vore mykje latter i 
fjella når team-tyll har hatt hemmelege 
ferder i Sunnmørsalpane.


«Boka er laga for å takke hjelparane mine, samt gje 
andre ei forståelse for kva som har foregått. Det 
har vore eit krevande konsept, og eg føler prosjektet 
veg tyngre når andre får ta del i reisa. Noko 
anna er at konseptet gåt ut på å oppmode andre til 
å kome seg til fjells og la latteren danse i 
dei vakre sunnmørsalpane» 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar